Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Leikeapparat i skule/barnehage skal ikkje nyttast utanom opningstidene

Leikeapparat i skule/barnehage skal ikkje nyttast utanom opningstidene

Barnehage og skule i Vestnes kommune opnar frå måndag 27.04.2020. Vi har fått gode retningslinjer å følgje i dei sentralt gitte rettleiarane, for å kunne halde smitterisikoen på eit lågast mogleg nivå.

Mellom anna vert uteområda delt inn for dei ulike kohortane/gruppene. Desse kohortane og områda er dei same gjennom heile veka, og blir bytta eventuelt etter helga. For at smitteverntiltaka i skule og barnehage skal ha ønskja effekt er det særs viktig at leikeapparata ikkje vert nytta av andre om kveldane og i helgene.

Det er noko uvisst kor lenge virus overlever på dei ulike berøringsflatene, men det kan vere snakk om fleire døgn. Vi bed derfor om forståing for at leikeapparata ved skule og barnehage kun skal nyttast ved dei respektive opningstidene.