Ledige omsorgsbustader ved Senior Plaza på Vestnes

Her vert det ledig to leilegheiter i 1. og 4. etasje. Leilegheitene er på ca. 60 og 70 m2. Dei har hhv. eitt og to soverom. Husleiga er pr. 2022 kr. 7.040 for den minste og kr. 7.685 for den største (TV er inkludert). Fjernvarme og straum kjem i tillegg på ca. kr. 850 pr. mnd. Fast parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate. Begge leilegheitene har eigen terrasse/balkong. 

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad, der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på (PDF, 1007 kB). Nærare opplysningar kan ein få hos tenestekontoret på tlf. 48024809 / 90693160 / 91142009. 

Søk om omsorgsbustad her

Søknadsfrist er 17.08.2022.