Informasjon om koronaviruset

Ledig omsorgsbustad ved Senior Plaza på Vestnes

Ledig omsorgsbustad ved Senior Plaza på Vestnes

Leilegheita har 2 soverrom, ligg i 4. etasje og har eit areal på ca. 70 m². Husleiga er p.t. kr 7.385 pr. månad inkludert TV. Fjernvarme og straum kjem i tillegg og er for tida på hhv. 600 og 250 kroner pr. månad.

Parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate i bustadene. Bustadene har eigen balkong/terrasse.

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad, der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. Nærare opplysningar kan du få hos tenestekontoret ved å ringe 48 02 48 09 / 91 14 20 09.

Søknadsskjema for omsorgsbustad finn du her.

Dersom du ønskjer papirskjema finn du det her eller du kan få det på servicekontoret, tlf. 71 18 40 00. Søknaden sendast til: Vestnes kommune v/tenestekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Søknadsfristen er 23.06.2021.