Ledig omsorgsbustad: Senior Plaza på Vestnes

Ledig omsorgsbustad: Senior Plaza på Vestnes

Det er ledig ei leiligheit med eitt soverom på Senior Plaza. Søknadsfrist er 16. desember.

Leilegheita ligg i 2. etasje og har eit areal på ca. 60 m2. Husleiga er p.t. kr. 6.660  pr. mnd. inkl. kabel-TV. Fjernvarme  og straum kjem i tillegg og er for tida på hhv. 500 og 200 kroner pr. månad.

Dyrehald og røyking er ikkje tillate. Bustaden har eigen balkong. Utandørs parkering.

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad, der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. Nærare opplysningar kan ein få hos tenestekontoret, tlf. 71 18 40 21/22/23.

Søknadsskjema finn ein her eller ein kan få det på servicekontoret, tlf. 71 18 40 05.

Søknaden sendast til: Vestnes kommune v/tenestekontoret, Brugata 10, 6390 Vestnes.

Søknadsfrist er 16. desember 2019.