Ledig omsorgsbustad: Senior Plaza på Vestnes

Ledig omsorgsbustad: Senior Plaza på Vestnes

Leilegheit med 1 soverom. Leilegheita ligg i 4. etasje og har eit areal på ca. 60 m2. Husleiga er p.t. kr. 6.565 pr.mnd. inkl. kabel-TV. Fjernvarme og straum kjem i tillegg og er for tida på hhv. 500 og 200 kroner pr. månad.

Søknadsfrist er 16.mai 2019

Parkeringsplass inngår ikkje i leigeavtalen. Dyrehald og røyking er ikkje tillate i bustadene. Bustadene har eigen balkong/terrasse.

Det er utarbeidd eigne kriteria for inntak i omsorgsbustad, der behov for pleie/omsorg og tryggleik vert lagt vekt på. Nærare opplysningar kan ein få hos tenestekontoret, tlf. 71 18 40 21/22/23.

Søknadsskjema for omsorgsbustad finn ein her eller ein kan få det på servicekontoret, tlf. 71 18 40 05.

Søknaden sendast til:
Vestnes kommune v/tenestekontoret
Brugata 10
6390 Vestnes

Søknadsfrist er 16. mai 2019

Fann du det du leita etter?