Vestnes kommune

Landbruk Nordvest informerer om Mentorordning for nye bønder i Møre og Romsdal

Landbruk Nordvest informerer om Mentorordning for nye bønder i Møre og Romsdal

Mentorordninga "Bonde hjelper bonde" har nå i to år vore prøvd i fleire regionar. Vårt fylke har foreløpig ikkje vore med i prøveordninga; men med støtte frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen vil vi vere i gang frå 2019.

Du har kanskje lest om ordninga frå andre delar av landet? Nå kan også vi i Møre og Romsdal tilby ordninga! Med økonomisk støtte frå Fylkesmannen og Fylkeskommunen satsar vi på å komme i gong med 10-mentorpar frå nyttår. Du, som fersk bonde, melder deg på til oss og vi finn ein passande mentor til deg ut i frå dine interesse (produksjon) og geografiske plassering. Det vil bli ei oppstartsamling for mentorpara i Molde i byrjinga av februar. Der vil også Innovasjon Norge delta med litt informasjon om tilskuddsordningar for yngre bønder. Faglaga blir også representert på samlinga.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med underteikna! Husk, førstemann til mølla!

Påmeldingsfrist: 10.12.2018

Kostnad deltaking: kr. 1.000.

For påmelding eller spørsmål

Gå inn på Landbruk Nordvest og finn påmeldingsskjema der, eller send ein e-post/ring til Gunn Randi! Gunn.randi.fossland@nlr.no – tlf. 958 74 243

 

Fann du det du leita etter?