Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Kulturprisen for 2021 frå Vestnes kommune

Kulturprisen for 2021 frå Vestnes kommune

I sitt møte onsdag 24.11.2021, behandla Vestnes formannskap tildeling av kommunen sin kulturpris for 2021. Formannskapet vedtok at årets kulturpris skal gå til Bjørn Tomren og Knut Marius Djupvik.

Kulturprisen er på kr.10.000, som blir delt mellom vinnarane, og eit eige kulturprisdiplom.
Anne Marie Fiksdal, Aud Sissel Løvoll Suoranta og Reijo Suoranta var forslagsstillarar.

I grunngjevinga (sjå forslagsskriv) er det lagt vekt på at Bjørn Tomren og Knut Marius Djupvik har vist kulturinnsats ut over det vanlege gjennom årelang kulturutøving. Begge har sett Vestnes kommune på kartet på ein særs god måte gjennom deltaking og siger i nasjonale sangkonkurransar som The Voice (Knut Marius) og Stjernekamp.
Det blir peika på at det er ein utruleg prestasjon at to utøvarar frå kommunen har vunne Stjernekamp 2 år på rad, og at begge er fantastiske ambassadørar for Vestnes kommune.
 
Vestnes kommune vil gratulere Bjørn Tomren og Knut Marius Djupvik med årets kulturpris!  

Kulturprisen har tradisjonelt blitt markert og utdelt i samband med kommunestyret sitt siste møte før jul, men prisvinnarane er forhindra frå å møte denne dagen og prismarkeringa vil skje seinare i desember.
 

Forslagsskriv frå Anne Marie Fiksdal (PDF, 68 kB)
Forslagsskriv frå Aud Sissel og Reijo Suoranta (PDF, 287 kB)