Kulturprisen 2019 frå Vestnes kommune

Kulturprisen 2019 frå Vestnes kommune

Vestnes kommune lyser ut kulturprisen for 2019. Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har vist vedvarande og aktiv kulturinnsats utover det alminnelege.

Her finn du vedtektene for tildeling av kulturprisen. (PDF, 39 kB) 

Send inn grunngjeve forslag innan søndag 24. november 2019 til Vestnes kommune på epost: postmottak@vestnes.kommune.no.

Avgjerd om pristildelinga vil skje i Vestnes formannskap.