Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Koronavirus: Person med smitte besøkte Molde i helga

Koronavirus: Person med smitte besøkte Molde i helga

Ein person frå Oslo som var i Molde i helga, har testet positivt på koronaviruset. Prøva blei bekrefta positiv i dag. Personen er nå tilbake i Oslo, men var på Hellbillieskonsert i Bjørnsonhuset og på baren Tapp & Kork laurdag kveld.

Vedkommande hadde fulgt råd frå sin arbeidsgjevar før avreise. Personen var i helga saman med ein vennegjeng på fire personer fra Molde og Vestnes. Vennegjengen er nå satt i 14 dagers karantene. Dei har ikkje symptom på sjukdom.

- Det er mange som kan ha hatt nærkontakt med den smitta personen i helga, uttaler kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde kommune. I samråd med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet gir han følgende generelle råd til dei som var på byen i Molde laurdag kveld:

  • Lev som normalt, men ver ekstra påpasseleg med hand- og hostehygiene.
  • Ring (ikkje oppsøk!) fastlegen eller legevakt dersom du får symptomar på luftveisinfeksjon som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar. Det gjeld også ved lette symptomar som for eksempel tett eller rennande nase.
  • Legen vurderer om du skal testast for korona-viruset og eventuelt settast i karantene.
  • Kommuneoverlegen ber alle om å være ekstra påpasselig hand- og hostehygiene i tida framover for å minimere smittespreiing.

Fordi det er viktig å få oversikt over helsepersonell som kan ha blitt eksponert ber vi om følgjande:

  • Alt helsepersonell i Vestnes kommune som arbeider med pasientar og som har vore på desse to stadane blir bedt om å ta kontakt med næraste leiar. Informasjon til helsepersonell er sendt ut på Min Vakt.
  • Fagdirektør Torstein Hole i Helse Møre og Romsdal ber alle tilsette i helseforetaket som har vore på desse to stadane om å ta kontakt med næraste leiar.