Kompensasjonsordning for lokale verksemder i Vestnes kommune

Kompensasjonsordning for lokale verksemder i Vestnes kommune

Stortinget har vedteke ei kompensasjonsordning for lokale verksemder. Dette som del av dei økonomiske tiltaka knytt til ringverknadene av Covid-19- pandemien. Kommunane har ansvaret for å fordele midlane, og Vestnes kommune har motteke kr 637 000 i ny tildelingsrunde nr. 6.

Støtta blir berekna ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjon, antal søknader og tilgjengelege midlar til fordeling.

Kven kan søke om midlar:

  • Lokale verksemder som er særlig hardt ramma av smitteverntiltak eller nedstenging med auka kostnader eller tap av omsetning. Kostnader og tap må vere knytt til 4. kvartal 2021 og januar 2022.
  • Verksemder innan bransjane servering, skjenking, overnatting, arrangement og reiseliv blir prioriterte.
  • Verksemder som ikkje har mottatt kompensasjon tidligare eller har mottatt mindre tilskotsbeløp
  • Andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar
  • Verksemda må ha adresse i Vestnes kommune, eller dokumentere verksemd i Vestnes med særrekneskap attestert av revisor eller rekneskapsførar.

Søknaden vil bli vurdert basert på dokumentasjon knytt til omsetningsfall, ekstra kostnadar, tap, tilpasningar, dekning av andre kompensasjonsordningar, risiko for tap av arbeidskraft og kompetanse.

Det skal søkast skriftleg via søknadsskjema i portalen www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist: 20. februar 2022

I søknaden skal minimum følgande forhold dokumenterast:

  1. At verksemda har hatt omsetningssvikt og/eller meirutgifter som følge av lokale eller nasjonale smitteverntiltak
  2. Halvårsrekneskap 2021 og rekneskap 2020
  3. Det må så langt som råd dokumenterast kva arrangement som har blitt avlyst og forventa inntektstap pga avlysing.

Det er det politisk oppnemnde Næringsfondsutvalet som vil behandle søknadane og tildele støtte. Det er eit avgrensa beløp Vestnes Kommune har fått til fordeling, og dersom søknadsbeløpet overstig beløpet kommunen har til fordeling, vil Næringsfondsutvalet foreta ei skjønnsmessig prioritering av søknadane.

Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte, og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Bedrifter som er under konkursbehandling eller under avvikling kan ikkje motta støtte.

Har du spørsmål om ordning kan kulturrådgjevar Ingrid Skjegstad kontaktast.