Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort vedtak om grensejustering mellom Rauma og Vestnes

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort vedtak om grensejustering mellom Rauma og Vestnes

I brev frå statsråden i dag er det gjort vedtak om at kommunegrensa mellom kommunane Rauma og Vestnes blir justert slik at Vågstranda blir flytta til Vestnes kommune.

Den nye grensa skal følgje Kartverket si anbefaling om ei topografisk grense, der kommunegrensa i Romsdalsfjorden følgjer generalisert midtlinje. Kommunegrensa følgjer eksisterande eigedomsgrenser og elv opp berget Stolsvaet så langt dei er registrerte. På snaufjellet følgjer kommunegrensa topografiske forhold slik: Frå Stolssvaet går grensa i rett linje til høgaste punkt 1111 moh på fjellet Blåstolen. Derifrå går grensa i rett linje til høgdepunkt 933 moh på fjellet Litleheikollen. Grensa går så i rett linje til åsen Prosten og høgdepunkt 1236 moh. Vidare i rett linje til grensa støytar mot eksisterande kommunegrense mellom Rauma og Vestnes kommunar på Venåsdalstinden, sørvest for Svartevatnet. Grensa kan kvalitetshevast i tråd med betre kartlegging av dei topografiske forholda.

Den nye kommunegrensa trer i kraft frå 1. januar 2021.

Fann du det du leita etter?