Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 27.03.2020, kl 14:40

Sjå vår samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes.                                                   Information about corona in other languages

Kan du bidra med frivillig innsats i Vestnes kommune?

Kan du bidra med frivillig innsats i Vestnes kommune?

Det er krevjande tider for mange av oss, og for heile samfunnet. Mange har lyst til å hjelpe, og ein del av dei som bur i Vestnes kommune treng hjelp. For å kunne hjelpe på ein god og trygg måte er det no oppretta eit system for dette. I første omgang treng vi frivillige som kan hente og levere matvarer/medisinar til personar i karantene, eller som av andre grunnar som følgje av koronautbrotet ikkje kjem seg til butikken eller på apoteket.

Kultureininga og Vestnes Frivilligsentral har fått oppgåva med å vere bindeleddet mellom frivillige og kommunen/kriseleiinga – dette for å sikre at frivillige vert godt ivaretatt samtidig som frivillige får bidratt. Det er avgjerande med eit godt system i tråd med retningslinjer frå FHI for å unngå smittespreiing.

Situasjonen endrar seg raskt og det kan også bli behov for frivillig innsats på andre områd, du kan derfor i skjema krysse av på om vi kan kontakte deg dersom andre behov oppstår. Som frivillig vil du bli kontakta ved behov og få nødvendig informasjon. Frivillige skal ikkje bli utsett for unødig smitterisiko.

Ønskjer du å bidra fyller du ut skjemaet "Eg kan bidra" på Vestnes frivilligsentral sine nettsider

Tusen takk for at du vil bidra, dette får vi til saman! Du vert kontakta ved behov.

Har du spørsmål eller innspel knytt til det å vere frivillig ta gjerne kontakt med:

Treng du handlehjelp? Her finn du informasjon om korleis du går fram.