Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Informasjon til besøkande ved Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim

Informasjon til besøkande ved Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim

Det er viktig at alle respekterer dei smitteverntiltaka som til ei kvar tid er gjeldande. Ut frå tilbakemeldingar frå Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim opplever vi no at retningslinene ikkje vert fulgt opp like godt som tidlegare.

Retningsliner er utarbeid i tråd med nasjonale føringar, og godkjent av kommunal smittevernlege samt beredskapsgruppe.

Personalet ved sjukeheimen følgjer berre opp fastsette bestemmelsar. Så vi ber om at eventuell frustrasjon ikkje går ut over dei tilsette i avdelingane.

Vi minner om at ALLE besøk (både ute og inne) skal avtalast på førehand. Følg oppsette besøkstider. Ved besøk vent ved hovud-/ avdelingsdør til avtalt tidspunkt, der ein av personalet møter deg.

Vidare viser vi til oppsett «Informasjon for deg som besøkande» (PDF, 67 kB), og BER ALLE om å følgje dei oppsette punkta.