Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Informasjon om opningstider i barnehagane i Vestnes

Informasjon om opningstider i barnehagane i Vestnes

Opningstidene i barnehagane i Vestnes vil også for veke 19 og 20 vere 08:00-15:30.

Vestnes kommune ønskjer å kartlegge behovet for anna opningstid frå veke 21 og fram til sommarferien. Den einskilde barnehage vil sende ut kartlegging om dette. 

For å kunne gjennomføre tiltaka i rettleiaren og legge til rette for eit best mogleg smittevern, oppfordrar Vestnes kommune at den som kan nytte kortare opningstid gjer det.

For barn med føresette i samfunnskritiske funksjonar er det etter avtale ordinær opningstid.