Informasjon om gradvis tilbake til ordinære opningstider i barnehagane i VestnesFrå 25.05.2020 og til sommarferien blir det ordinære opningstider i barnehagane, 06:45 – 16:30 I veke 21 blir opningstidene i barnehagane i Vestnes som no klokka 08:00-15:30. For barn med føresette i samfunnskritiske funksjonar er det etter avtale ordinær opningstid. Frå 25.05.2020 og til sommarferien ( til og med veke 32 for Helland barnehage) blir det ordinære opningstider i barnehagane, 06:45 – 16:30 For å kunne gjennomføre tiltaka i rettleiaren og legge til rette for eit best mogeleg smittevern for alle, oppmodar Vestnes kommune den som kan nytte kortare opningstid om å gjere det. Barnehagane vil gjere ei kartlegging her. Opningstidene er med atterhald om endringar i sentrale føringar og lokal smittestatus. Sist endra13.05.2020 14.46