Informasjon frå kommuneoverlegen om smittesituasjonen i Vestnes

Informasjon frå kommuneoverlegen om smittesituasjonen i Vestnes

Vi har i påska fått fleire med corona i Vestnes. Smittekjelda er kjent og situasjonen er førebels under kontroll. For at vi vidare skal ha kontroll, er det viktig at alle som er sett i karantene vert 10 dagar i karantene og at dei testar seg på dag 7 etter at dei har vore i kontakt med ein som er smitta.

Sjølv om 1. test var negativ, må ein vere forsiktig i heile karantenetida. Ein kan utvikle symptom eller verte smitteberande utan at ein er klar over det sjølv. Vestnes kommune har vore heldig gjennom heile pandemien, med lite smitte i befolkninga. Vi kan no greie å snu denne smitta raskt, om vi står saman. Vi har god testkapasitet, så terskelen for å teste seg skal vere lavare enn nokon gong. Ta gjerne kontakt med legesenteret ved spørsmål.

Hugs at alle kan vere uheldige, uansett kor forsiktig ein er.

 

Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli