Informasjon frå kommuneoverlegen om AstraZeneca vaksinen

Informasjon frå kommuneoverlegen om AstraZeneca vaksinen

Mange er usikre og bekymra etter at dei allereie har fått AstraZeneca vaksine, sidan denne vaksinen no er pausa. Det er ikkje grunn til å uroe seg.

Svært mange har fått heilt ufarlege og forventa vaksinereaksjonar med hovudverk, feber og muskelsmerter som har gått over etter få dagar. Dersom nokon trur dei kan ha fått alvorlege biverknader, kan dei ta kontakt med Vestnes legesenter. Alvorlege biverknader kan også meldast til melde.no.

Sjå også FHI sine nettsider for relevante saker:

AstraZeneca settes på pause (fhi.no)

Legemiddelverket undersøker melding om dødsfall (fhi.no)

AstraZeneca-vaksinen: Når skal lege oppsøkes - FHI