Vestnes rådhus blir ikkje opna før nødvendige sikringstiltak er gjennomført

På grunn av tidlegare trugande situasjonar mot tilsette ved NAV Vestnes, servicekontoret og andre einingar i kommunen er det gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse kring sikkerheita på rådhuset.  Analysen konkluderer mellom anna med at hovudinngangen til rådhuset og NAV må byggast om for å trygge sikkerheita til tilsette og besøkande. I påvente av denne ombygginga vil dørene framleis vere låst, men alle tenester er tilgjengelege.

Treng du kontakt med saksbehandlar i kommunen, gjer du avtale på førehand. Elles kan du nå kommunen på telefon/sentralbordet 71 18 40 00 (ope måndag - fredag 10:00 - 14:00). Du kan nå NAV på telefon 55 55 33 33, ringe NAV sin vakttelefon (47 61 04 54) mellom kl. 10:00 - 12:00 måndag til fredag, eller skrive til NAV på dei digitale tenestene.

Ikkje nødvendig med ekstratiltak etter koronasmitte ved Tomrefjord skule

Ikkje nødvendig med ekstratiltak etter koronasmitte ved Tomrefjord skule

Det har i dag vore møte i kriseleiinga i Vestnes kommune kor auka smittetrykk og smitte ved Tomrefjord skule har vore tema. Kriseleiinga har gått gjennom situasjonen og finn det ikkje nødvendig å gjere ekstra tiltak. 

Det er generelt aukande smittetrykk i Vestnes kommune.

Med auka vaksinasjonsdekning i befolkninga er vi inne i ein ny fase av pandemien, der personar som er fullvaksinerte opplever koronasmitte som forkjølelsessymptom og kor dei fleste ikkje blir alvorleg sjuke.

Har du enno ikkje vaksinert deg er det fortsatt moglegheit til det.

Vestnes kommune følgjer dei nasjonale smittevernråda frå FHI.