Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 14.07.2020, kl 10:10

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Helsestasjon for ungdom opnar igjen for drop-in timar

Helsestasjon for ungdom opnar igjen for drop-in timar

Tysdag 28. april 2020 er Helsestasjon for ungdom igjen open for drop-in timar i lokala til Vestnes Helsestasjon.

Opningstida er som før, tysdagar frå klokka 15:00 til 17:00.

Her treffe du Helsesjukepleiar og lege.

Det er viktig at du er frisk uten symptom på luftvegsinfeksjon når du kjem til oss.

Det blir ein litt anna måte å ta kontakt på enn før, dette på grunn av smittevernhensyn, og du kan velge mellom:

  1. Ring på ringeklokka ved døra så kjem vi å opnar. Det kan max være 5 personar inne på venterommet til ei kvar tid, så kanskje du må vente ein annan stad til det er plass. Dette avtalar vi i døra. Alle som kjem på døra får time den dagen.
  2. Eller du kan ringe å avtale tid på telefon: 994 86 864

Les meir om tilbodet "helsestasjon for ungdom"