Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Graving av kabel til fergeleie på Furneset

Graving av kabel til fergeleie på Furneset

I samband med etablering av ladestasjon for elferger skal Nordvestnett legge høgspentkablar frå Kjelbotn til Furneset. Det er ei strekning på om lag 10,5 kilometer. Busengdal AS er entreprenøren som skal utføre arbeidet.

Dette skal skje over relativ kort tid og det vil bli stor aktivitet med fleire lag, på fleire plassar samtidig. Grøftene som går i veg vil bli prioritert først.

Arbeidet er allereie starta i Øvre Skorgevik. Der kabelgrøfta går i veg vil det vere redusert framkommelegheit og ein må rekne med noko venting. Der det er mogeleg å nytte alternativ tilkomst ber vi om at det blir nytta. Desto mindre maskinene vert hefta med biltrafikk til raskare blir ein ferdig.  

Kart over gravearbeidet:  

0-Totaloversikt Furneset - Kjellbotn (PDF, 818 kB)  
1-Furnesvegen - Furneset fergekai (PDF, 2 MB)
2-Furnesvegen (PDF, 407 kB)
3-Furnesvegen mot rundkøyringa - Vestnesgarden (PDF, 369 kB)   
4-Vestnesgarden - mot Helland sentrum (PDF, 335 kB)
5-Helland sentrum - mot Remmem (PDF, 625 kB)
6-Remmem - rundkjøyring Tresfjordbrua - mot Brastadstranda (PDF, 492 kB)
7-Brastadstranda 49 til 135 (PDF, 2 MB)
8-Brastadstranda 135 til 237 (PDF, 2 MB)
9-Brastadstrand 226 - mot Øvre Skorgevik (PDF, 2 MB)
10-Øvre Skorgevik - mot Skorgeneskleiva (PDF, 501 kB)

Entreprenøren vil søke å løyse behova for tilkomst til oppsittarane langs vegen, men det må påreknast at ein i periodar må parkere bilen utanfor anleggsområdet. Vestnes kommune ber om at dette kan løysast på mest mogeleg smidig måte.

Arbeidstida er frå 07.00 til kl 18 måndag til fredag. 

Dersom det blir behov for å sprenge vil det bli varsla på følgjande måte:

Sirene som går med korte støt i 3 minutt før salva blir avfyrt.

Etter sprenging er det eit langt støyt i sirena. Det betyr at sprenginga er over.

Kontaktar med entreprenør Busengdal AS:

Prosjektleiar: Ole Jacob Overaa, tlf.901 34654 
Anleggsleder: Christoffer Tjugen, tlf. 920 69850
Anleggsleder: Jonathan Steinsvik, tlf. 458 07322

Byggherre Nordvestnett:

Prosjektleiar: Leif Johann Wenaas, tlf. 991 04385