Gradvis opning av skulane for alle elevar frå 11. mai

Gradvis opning av skulane for alle elevar frå 11. mai

Regjeringa legg opp til ei gradvis opning av skulane for alle elevar frå 11. mai. Det er ei målsetjing at alle elevar skal få delar av undervisninga si på skulen.

Skulane arbeider no med dei nye retningslinene for å kunne tilpasse opplæringstilbodet framover i tråd med dei nasjonale retningslinene. Det vil kome meir informasjon på heimesidene og direkte til føresette når planane for skuletilbodet framover er klart.

Regjeringa har kome med reviderte smittevernrettleiarar for barnehage og skule