Godt samarbeid mellom Vestnes kommune og næringslivet om covid-19

Godt samarbeid mellom Vestnes kommune og næringslivet om covid-19

Pandemien med covid-19 har vore kravjande for alle partar i Noreg, både privatpersonar, næringslivet, kommunen som skal drifte dei kommunale tenestene på alle område, frivillige organisasjonar, idrett og fritidsaktivitetar. Det har vore utfordrande for industrien i kommunen å følge regelverket om innreisereglar og karantenebestemmingar for gjestearbeidarar. Kommuneoverlegen har bistått næringslivet i denne perioden.

Frå i sommar har industribedriftene i Vestnes kommune hatt dialogmøte med kommuneoverlegen for å jobbe fram ei best mogleg felles forståing for situasjonen, med vekt på covid-19 forskriften, spesielt med tanke på karantenebestemmingar og innhaldet i desse. Politiet har og vore involvert i dette arbeidet, og har fokus på at det til ei kvar tid gjeldande reglement er kjent og blir følgd.  I disse møta har regleverket vore diskutert. Dette har gitt ei mest mogleg lik tilnærming for handtering av situasjonen i alle bedrifter. Alle bedrifter har gjort sitt beste for å følge det til ei kvar tid gjeldande regelverk, jf. covid-19 forskriften. Fleire bedrifter har og innført tiltak utover det nasjonale regelverket. Kommuneoverlegen og eit dedikert team har utover det forebyggande arbeidet bidratt i smittesporing, samt gitt råd i samband med karantene og isolasjon.

Reglane om karantene og isolasjon har vore i endring, for å unngå misforståingar kan det vere viktig å vite forskjellen:

  • Karantene er eit tiltak for å unngå spreiing av smitte blant personar som i utgangspunktet er friske, men som har vore i ein situasjon der ein kan ha blitt smitta.
  • Isolasjon er eit tiltak ved påvist eller sannsynleg smitte av covid-19.

Regelverket for karantene og isolasjon finn du FHI sine nettsider.