Gjestearbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Gjestearbeidar smitta av covid-19 i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som ankom brakkeriggen på Trohaugen i slutten av veke 45.

Personen vart testa måndag og fekk påvist positivt resultat i dag. Personen har ikkje symptom, har vore i karantene sidan ankomst, og er no sett i isolasjon. To nærkontaktar sit allereie i karantene. 

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Frå denne veka blir alle arbeidarar som skal til VARD frå utlandet testa før avreise frå heimlandet og må framvise negativ covid-19 resultat før innreise til Noreg. Gjestearbeidarane sit i 10-dagars karantene ved Trohaugen og blir retesta av VARD i karanteneperioda.