Generelle råd og anbefalingar - 22.03.2021

Generelle råd og anbefalingar - 22.03.2021

Vestnes kommune anbefaler at du å droppar handleturar og andre fritidsreiser til Ålesundsområdet no. I tillegg bør pendlarar ha heimekontor.

Ålesund kommune har dei siste dagane hatt ei sterk auke av koronasmitte med mutert virusvariant. Kommunane Ålesund, Sula og Giske innførte derfor i går ei lokal forskrift med strengare smitteverntiltak enn dei nasjonale retningslinjene. Ei rekke verksemder er stengde ned og det er innført skjenkestopp og påbod om heimekontor.

Ha heimekontor dersom du pendlar

Dersom det er praktisk mogleg, så anbefaler vi at pendlarar frå Ålesund, Sula og Giske har heimekontor så lenge den lokale forskrifta gjeld. Arbeidsgjevarar i dei tre berørte kommunane er pålagde å legge til rette for heimekontor. Arbeidsgjevarane i Vestnes er ikkje underlagt det same påbodet.

Vestnes kommune har ikkje ei lokal forskrift, men det heilt naturleg at vi anbefalar heimekontor for dei som dag- og vekependlarar frå desse tre kommunane.

Unngå unødige fritidsreiser

Ålesund, Sula og Giske har ikkje stengd ned butikkar og varehus, men dei anbefaler eigne innbyggarar å unngå å reise ut av eigen kommune for å handle.

Vestnes kommune anbefaler alle å unngå handleturar, besøk og andre unødvendige fritidsreiser til dei tre kommunane. Den lokale forskrifta for Ålesundsområdet gjeld fram til 11. april 2021.

Sjå generelle reglar for påskeferie og hytteturar på helsenorge.no.

Ikkje aktuelt med forsterka tiltak i Vestnes

Smittesituasjonen i Vestnes har ikkje samme utvikling som i Ålesund. Vestnes kommune har ingen nye tilfelle av korona i mars måned og berre eit i februar. Så lenge situasjonen er stabil er det ikkje aktuelt med forsterka tiltak i Vestnes.

- Vi følgjer situasjonen tett og veit at ting kan endre seg veldig fort, sier kommuneoverlegen. Ho håpar at alle gjer det dei kan for å unngå spreiing av smitte frå Ålesund og elles i landet. Dersom smittesituasjonen endrar seg vil kommunen på kort varsel innføre strengare tiltak.

Les lokal forskrift for Ålesund, Giske og Sula på Ålesund kommunens nettsider

Heim til påske?

Vestnes kommune følgjer dei nasjonale reglane. 

Dersom du er ein student som bur på hybel ein annan stad, men du har likevel gutte- og jenterommet heime så er det er greit å reise heim i påske, seier Høie. Du må vere ekstra merksam dersom du kjem frå eit område med høg smitte. Ein oppmodar studentar til å teste seg før avreise eller ved ankomst til Vestnes, vise ekstra varsomheit og begrense antall kontaktpersonar i tida du er heime.

Skal du som student arbeide i Vestnes kommune i påska, må du vise negativ koronatest før du kan starte.

Besøk i insitusjonane

Vestnes kommune har oppdatert retningslinjene for besøk i sjukeheimane.