Informasjon om koronaviruset

GassROR IKS sett av aktivitetsmidlar til 3,2 mill. kroner

GassROR IKS sett av aktivitetsmidlar til 3,2 mill. kroner

GassROR IKS har sett av 50 kroner per innbyggar som kan brukast til allmennyttige tiltak for å skape ny aktivitet når dei nasjonale og lokale tiltaka mot koronasituasjonen blir letta. For Vestnes kommune vil det seie at aktivitetspotten ein kan søkje på er kr 327.000.

Nesten 3,2 mill. kroner kan dermed brukast til regionale- og nærmiljøtiltak i medlemskommunene.

- Aktivitetspotten er meint å bidra til å skape lokal aktivitet når tiltaka mot koronasmitte blir letta av myndigheitene. GassROR IKS ønskjer på denne måte å gi starthjelp som er meint å komme innbyggarar og næringsliv til gode når samfunnet gradvis blir gjenåpna, seier styreleiar Arne Sverre Dahl i GassROR IKS.

Les heile pressemeldinga frå GassROR IKS her. (PDF, 181 kB)

Sjå retningslinjer for tildeling frå Aktivitespotten. (PDF, 151 kB)