«FRIGJERINGS- OG VETERANDAGEN» 8. MAI 2021 - Lokal markering i Vestnes kommune

«FRIGJERINGS- OG VETERANDAGEN» 8. MAI 2021 - Lokal markering i Vestnes kommune

På frigjeringsdagen den 8. mai, markerer me fred og friheit i Noreg. I tillegg heidrar me alle veteranar på veterandagen. Etter andre verdskrig har meir enn 100 000 norske kvinner og menn tenestegjort i ulike internasjonale operasjonar i over 40 land i fire verdsdelar.

Dagen blir markert ved minnebautaen ved Vestnes kyrkje:

  • Musikkinnslag v/ Den lille messingfabrikken
  • Kransenedlegging v/ordførar Geir Inge Lien
  • Appell v/Kjell Ødegård

Grunna koronasituasjonen blir det ikkje invitert til markering med publikum og samvær i etterkant. Markeringa blir filma og lagt ut på kommunen si heimeside.

 

Ordførar Geir Inge Lien                                             Leiar Terje Holseter
Vestnes kommune                                                     Norsk Reserveoffiserers Forbund, avd. Indre Romsdal