Første tilfelle av koronasmitte i Vestnes

Første tilfelle av koronasmitte i Vestnes

Vestnes kommune har registrert sitt første tilfelle av koronasmitte. Vedkommande er no isolert.

Det er iverksett smittesporing og kriseleiinga arbeider med å sette i verk naudsynte tiltak for å prøve å avgrense smitta. 

Kriseleiinga ynskjer i samband med dette, å utsette barnehageopninga til måndag 27. april. Vi har ikkje pr. no indikasjonar om at barn er smitta, men vel her å vere føre var.