Første spadetak for Helsehuset Stella Maris

Første spadetak for Helsehuset Stella Maris

Prosjektet er inne i ein ny fase og i dag var det sett første spadetak for sjølve byggefasen. Frå måndag i neste veke blir det byggestart med rigging og graving.

Deler av parkeringsplassen blir avstengd for anleggsdrift. Det første som skal gjerast er å tilrettelegge for ein parkeringsplass for besøkande på sørsida av tomta og omlegging av vatn/avløp.

På sjølvaste kvinnedagen var det fire kvinner som fikk æra av å sette det første spadetaket (f.v.): Byggherre Vestnes kommune Mona Janne Johansen, ordførar Randi Bergundhaugen, representant for tilsette på sjukeheimen Mona Eik, distriktssjef for Skanska i Møre og Romsdal Åse Lien Kleppe.

Fann du det du leita etter?