Informasjon om koronaviruset

Forsiktig gjenopning av biblioteket

Forsiktig gjenopning av biblioteket

Frå og med måndag 18. mai kan inntil 5 personar om gongen besøke biblioteket i 15 minutt for lån av bøker, blad, filmar, lydbøker, spel og musikk. Møteplassfunksjonen til biblioteket er framleis stengt.

Les denne viktige informasjonen før du kjem!

Kva tilbod kan du nytte?

Det er altså kun høve til å låne bøker og anna utlånsmateriell inntil vidare. Du kan ikkje bruke PC, kopimaskin eller spelavdelinga. Ei heller lese aviser.

Innlevering av bøker skjer i luka ved inngangen. Her blir bøkene lagt i to dagars karantene.

I skranken inne på biblioteket kan du låne bøker og anna materiale. Bestill gjerne bøker på heimesida vår, eller ring, send e-post eller kontakt oss på Facebook, og så kan du hente bøkene når du får melding om at dei er klare.

Du kan også bestille fjernlån frå 18. mai.
Frå no av gjeld vanlege lånefrister, men purring vert ikkje sendt ut før i juni.
Ein ber om at ein vaksen familiemedlem (ca frå 15 år) hentar bøker til sin husstand, så langt som det er råd.

Restriksjonar og reinhald

  • Elles gjeld 1 meters-regelen også her.
  • Handsprit er sett fram ved inngangen og på disken, og ein ber om at alle spritar hendene før dei går inn i biblioteket.
  • Det er berre tillatt med fem personar inne på biblioteket samtidig - i tillegg til personalet. Maks opphaldstid for publikum er 15 minutt.
  • Har du symptom, også lette, på luftvegsinfeksjon, skal du ikkje besøke biblioteket.
  • Kontaktflater som er spesielt utsette for smitte vert vaska etter ein oppsett reingjeringsplan.
  • For dei tilsette gjeld smittevernreglar i tråd med helsemyndigheitene sine anbefalingar.

Slik blir opningstidene (også telefontid):

Sidan biblioteket har relativt små lokaler, har ein sett grenser for kor mange som skal vere på jobb til ei kvar tid. Dette fører til ei noko redusert opningstid og telefontid:

  • Måndag              10:00-16:00
  • Tysdag                12:00-16:00
  • Onsdag               10:00-14:00
  • Torsdag               14:00-19:00
  • Fredag                12:00-16:00

Kontakt oss gjerne på:

Telefon: 71 18 40 84 
Epost: biblioteket@vestnes.kommune.no

Følg oss på Facebook

Denne forsiktige gjenopninga av delar av bibliotektilbodet er gjort i samråd med kriseleiinga i kommunen, og utarbeidd etter retningslinjer frå Folkehelseinstituttet.