Fire nye smittetilfelle i Vestnes

Fire nye smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har seint i kveld fått melding om at fire personar er smitta av covid-19. Det gjeld to fastbuande personar og to tilreisande i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen.

Bebuarane i Vestnes er knytt til utbrotet i Fjord kommune. Alle nærkontaktar er kontakta og sett i karantene. 

Dei to i innreisekarantene testa begge negativt før avreise frå sine heimland, og dei testa negativt ved ankomst til Noreg. Dei vart rutinemessig testa igjen 7 dagar etter ankomst, og desse testane viste i dag positivt testresultat. Begge personane har vore i karantene sidan ankomst. Smittesporing er gjennomført og personane er i isolasjon på Trohaugen. 

Arbeidstilsynet har godkjent VARD sin brakkerigg på Trohaugen som karantenehotell for dei tilreisande som har fått innreisetillatelse gjennom ei søknadsbasert ordning. Trohaugen har eit strengt karantene- og testprogram, med eit dedikert helseteam og vakthald.