Fire nye smitta av covid-19 i Vestnes

Fire nye smitta av covid-19 i Vestnes

Det er påvist koronasmitte hos fire personar i Vestnes kommune. Det er tre tilreisande gjestearbeidarar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen, og ein innbyggar i kommunen som har vore i utlandet.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Dei tre personane er i same reisefølge. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

Personen som er busett i Vestnes kommune vart testa på Vigra ved innreise til Noreg. Han vart henta på flyplassen av ein privatperson. Personen er symptomfri og sit no i isolasjon. Nærkontaktar er sett karantene og smittesporing pågår.

 Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.