Femten tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Femten tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at 15 personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 12 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og 3 arbeidarar frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted.

Testresultata som blei tilgjengeleg i Vard i løpet av onsdag 13. januar viser:

  • 12 personar som rutinemessig har blitt testa hos VARD har fått påvist covid-19. Nokon av dei har og testa positivt på flyplass ved innreise. 4 av desse er såkalla «usikker positiv», og vil bli retesta. 
  • Nokon av dei som har testa positivt er nærkontaktar og har vore i same reisefølge som personar som har fått påvist korona tidlegare. Desse har hatt tett oppfølging av VARD sitt helseteam, og er testa fleire gongar.
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Ingen har symptom, og er sjekka av VARD sitt helseteam.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

200 arbeidarar er no ferdig med sine karanteneopphald og testing. Mange vil bo på VARD sine brakkeriggar i område for ordinære opphald, mens andre vil flytte til bustader som dei disponerer i regionen.

Den største andelen av arbeidarar har nå komme tilbake til Noreg, og er godt i gang med sine karanteneopphald og testing. I løpet av januar håper ein at dei fleste arbeidarane skal kunne vere på plass. Mange har forlenga sine rotasjonar for å redusere reising inn- og ut av landet, men det vil fortsett vere behov for ein del utskiftingar av fagpersonell, samt tilreisande servicepersonell i dei ulike fasane av prosjekta i tida som kjem. 

Dei 3 tilreisande arbeidaren frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted testa positivt for covid-19 etter ankomst.

  • 2 personar testa positivt på covid-19 etter ankomst.
  • I tillegg har 1 testa positivt på flyplass ved innreise.
  • Personane er utan symptom og er overført til isolasjon.
  • Nærkontaktar sit allereie i karantene.
  • Dei smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

Hittil i år er det rapportert 56 nye smittetilfelle i Vestnes kommune.