Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Er du helsepersonell som har vore i utlandet, eller hatt besøk frå utlandet? Då ber vi om at du testar deg for korona!

Er du helsepersonell som har vore i utlandet, eller hatt besøk frå utlandet? Då ber vi om at du testar deg for korona!

Helsepersonell med pasientnært arbeid som i løpet av dei siste 10 dagane har opphalde seg i, eller vært på reise i "grønne" regionar og land utanom Norden skal: informere arbeidsgjever før dei skal starte opp att i arbeid. Desse tilsatte skal testast éin gong for SARS-CoV-2 og skal ikkje ha pasientnært arbeid før negativ test føreligg.

SARS-CoV–2 test skal bestillast hjå kommunen tlf 71 18 40 57, måndag til fredag frå kl. 10-12.
(Ikkje via legesenteret).

Ansatte som tek imot besøk frå karantenepliktige land, bør være særlig oppmerksom på smittefare. Personellet skal ha dialog med sin arbeidsgjevar om besøket i forkant, slik at det kan takast nødvendige forholdsreglar for å unngå auka risiko for overføring av smitte.


Sjå ellers råd frå FHI her: 
Smittevernråd for reise og innreisekarantene ved ankomst til Norge