Elleve tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Elleve tilreisande arbeidarar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at elleve personar i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld 9 arbeidarar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og 2 arbeidarar frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted.

Testresultata som blei tilgjengeleg i Vard i løpet av tysdag 12. januar viser:

  • 8 personar som rutinemessig har blitt testa hos VARD har fått påvist covid-19.
  • I tillegg har 1 testa positivt på flyplass ved innreise.
  • Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Ingen har symptom, og er sjekka av VARD sitt helseteam.
  • Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

I tråd med VARD sitt omfattande testprogram, har selskapet dei to siste vekene tatt ca. 600 testar pr. veke, og minst like mange testar vil bli gjennomført i inneverande veke. Dette er ekstra testar som selskapet tek i samband med ankomst og retesting av arbeidarane som er i innreisekarantene, i tillegg til det som er pålagt av myndigheitene. Alle arbeidarane blir testa minst to gongar etter at dei har ankome VARD.

Positive testar som blir registrert som følge av VARD sine interne testingar, blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av VARD og Vestnes kommune. Tilfella blir registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.

 

Dei 2 tilreisande arbeidaren frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted testa positivt for covid-19 etter ankomst.

  • Personane er utan symptom og er overført til isolasjon.
  • Nærkontaktar sit allereie i karantene.
  • Dei smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.