Ekstremveret Gyda - Raudt farenivå

Ekstremveret Gyda - Raudt farenivå

Det er sendt ut farevarsel om regn, skred og flaumfare frå onsdag 12. januar. Vi ber alle om å ta nødvendige forholdsreglar og følgje med på vêrvarslinga.

Oppstår akuttsituasjonar/feil og skade på avløp, vegar og bygg ta kontakt beredskapsansvarleg Frank Skorgenes tlf. 991 69 798

Nokre gode råd å ta med seg:

  • Sikre alle lause gjenstandar på eigedommen: Trampolinar, hagemøblar, søppeldunkar, bygningsmateriale og så vidare.
  • Sjekk og fest bygningsstillas.
  • Sjekk om båten er fortøydd.
  • Opne slukar/ristar og annan drenering.
  • Beslag og takstein må vere festa.
  • Følg med på bekker og vassdrag nær eigedommen din.

Ved store nedbørsmengder aukar faren for jord- og steinras. Følg gjerne med, men ikkje gå for nær område med stor vassføring.

Og du, ver forsiktig!