Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 29.09.2020, kl 09:01

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Ekstraordinær støtte frå Næringsfondet hausten 2020

Ekstraordinær støtte frå Næringsfondet hausten 2020

Vestnes kommune har fått ekstra tilskot til kommunalt næringsfond grunna Corona pandemien - søknadsfrist 27.09.2020

Krav som vert stilt for å få tilskott, kort samanfatta:

  • Det kan gjevast tilskot til bedrifter, og til aktørar som legg til rette for næringsutvikling (unntaksvis til kommunane sjølve). Tiltak som markedsføring, næringsutvikling og mindre investeringar
  • Ved vurdering av søknadane skal kommunane legge vekt på - om tiltaket treff formålet med ordninga - i kor stor grad tiltaka vil motverke utfordringane som korona pandemien har skapt - kor raskt tiltaka kan settast i verk
  • Skal ikkje være tilskott til å dekke tap i koronatida, eller tiltak for å komme tilbake til «gammalt produksjonsnivå» etter reduksjon grunna korona.

I vurdering om støtte skal tiltaket sin betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet vektleggast.

Nærare opplysningar: Nils Eidhammer tlf. 71 18 40 98 eller våre nettsider - Støtte frå næringsfondet.

Søknaden skal sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no