Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 21.10.2020, kl 10:03

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Eit smittetilfelle av covid-19 ved brakkerigg på Trohaugen

Eit smittetilfelle av covid-19 ved brakkerigg på Trohaugen

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i Vik Elektro som nyleg har ankomme bedrifta sin brakkerigg på Trohaugen.

I samsvar med Vik Elektro sine posedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa for covid-19 ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og 3 nærkontaktar er sett i karantene. Alle blir retesta 8. oktober.

Vik Elektro og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.