Eit nytt smittetilfelle i Vestnes

Eit nytt smittetilfelle i Vestnes

Vestnes kommune har i kveld fått melding om eit nytt tilfelle av koronasmitte. Det er ein tilreisande med adresse i Vestnes som har testa positivt for covid-19.

Personen har ikkje symptom og har ikkje vore i kontakt med andre enn næraste familie. Vedkommande er no sett i isolasjon.

Smittesporing pågår og i Vestnes kommune er to personar rekna som nærkontaktar. Dei er sett i karantene og skal testast.