Informasjon om koronaviruset

Oppdatert 22.10.2020, kl 09:22

Sjå samlesak om koronavirus for status på arbeidet i Vestnes                                                   Click here for information about the Coronavirus in English

Eit nytt smittetilfelle i Vestnes

Eit nytt smittetilfelle i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar frå ein underleverandør i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.