Eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Vestnes kommune har i kveld fått melding om eit nytt smittetilfella av covid-19. Det er ein tilreisande frå utlandet som har testa positivt ved ankomst til Noreg.

Vedkommande har ikkje symptom og har vore i karantene sidan ankomst til landet. Smittesporing er gjennomført og to personar, i tillegg til familien, er definert som nærkontaktar.

Personen har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.