Eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankomme brakkeriggen på Trohaugen.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og 23 nærkontaktar er sett i karantene. Alle blir retesta 12. oktober.

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.