Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at ein person i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld ein arbeidar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

Testresultata som blei tilgjengeleg i løpet av torsdag 28. januar viser:

  • 1 person som rutinemessig har blitt testa hos VARD har fått påvist Covid-19.
  • Smittesporing er gjennomført og personen har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Personen har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.