Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at ein person i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld ein arbeidar ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen.

Testresultat som vart tilgjengeleg i Vard i løpet av fredag viser:

  • 1 person som rutinemessig har vore testa hos VARD har fått påvist covid-19.
  • Han har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
  • Han har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.
  • Nærkontaktar og personar som kom i same reisefølgje vil bli retesta.

I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir utsjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.