Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ein tilreisande arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Dei nye smittetala i Vestnes kommune siste døgn viser at ein person i innreisekarantene testa positivt på covid-19. Det gjeld ein arbeidar frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted.

Personen har vore nærkontakt til ein som har fått påvist korona tidlegare.

  • Personen er utan symptom og er overført til isolasjon.
  • Nærkontaktar sit allereie i karantene.
  • Den smitta har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg.

I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir utsjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.