Ein person smitta av covid-19 i Vestnes kommune

Ein person smitta av covid-19 i Vestnes kommune

Vestnes kommune fekk onsdag kveld melding om eit nytt smittetilfelle. Det gjeld ein tilreisande person som har fått påvist covid-19.

Personen er sett i isolasjon, smittesporing er gjennomført og fire nærkontaktar er sett i karantene og vil bli testa.

Det er ukjend smitteveg, men sannsynlegvis har vedkommande blitt smitta i ein annan kommune.

Kommuneoverlegen meinar at det foreløpig ikkje er nødvendig med ekstraordinære tiltak.