Ein person i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Ein person i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Vestnes kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av covid-19. Det gjeld ein person som er i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen som har testa positivt.

Den tilreisande har vore i karantene sidan ankomst Noreg, og er no i isolasjon.  

Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er i karantene. Smittesporing er gjennomført.

Personen har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.