Informasjon om koronaviruset

Ein person i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Ein person i innreisekarantene testa positivt for covid-19

Vestnes kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av covid-19. Det gjeld ein person som er i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen som har testa positivt for covid-19 etter rutinemessig test tatt under karanteneopphaldet.

Den tilreisande har vore i karantene sidan ankomst Noreg, og er no i isolasjon. Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er i karantene og vil bli retesta.

Den tilreisande har dokumentasjon på negativ test før avreise frå heimlandet, samt negativ test ved ankomst Noreg. Smittesporing er gjennomført.

Personen har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.

Trohaugen er godkjent som karantenehotell for tilreisande som har fått innreisegodkjenning gjennom den søknadsbaserte ordninga som blir administrert av Sjøfartsdirektoratet.