Ein gjestearbeidar ved Vard smitta av covid-19

Ein gjestearbeidar ved Vard smitta av covid-19

Det er påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i Vard som frå før sit i karantene ved brakkeriggen på Trohaugen.

Personen kom i same reisefølgje og var nærkontakt til personane som fekk påvist covid-19 i førre veke.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam på Trohaugen. Personen har ikkje symptom. Han har vore i karantene sidan ankomst og er no sett i isolasjon. Smittesporinga er gjennomført og nærkontaktar sit allereie i karantene.

Arbeidaren har ikkje vore på arbeid, i butikkar eller vore i kontakt med lokalbefolkninga.