Ein gjestearbeidar ved Vard smitta av covid 19

Ein gjestearbeidar ved Vard smitta av covid 19

Det er påvist koronasmitte hos ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen. Personen har dokumentasjon på negativ test  før avreise frå heimlandet i samsvar med gjeldande prosedyrer.

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa på nytt av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Resultatet av denne testen viste at personen no var Covid positiv . Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Han er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.

Smittesporing er gjennomført.

Han har ikkje vore i butikkar eller vore i kontakt med lokalbefolkninga.