Ein arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ein arbeidar i innreisekarantene testa positivt på covid-19

Ein arbeidar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt på covid-19.

Personen har vore i karantene på Trohaugen sidan ankomst, og er overflytta til isolasjon. Alle nærkontaktar har vore i karantene sidan ankomst.

Personen har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge.

Smittetilfella som gjeld Vard blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av Vard og Vestnes kommune. Tilfella blir likevel registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.